14
des
2018

"Du mitt Nordmøre 2018"

Publisert 14.12.18 av Daniel Kvalvik vist 4004 ganger

0 pluss pluss minus




Årboka «Du mitt Nordmøre 2018» er til sals i butikkar i Gjemnes:
Bunnpris Angvik, Joker Torvikbukt, Bunnpris Batnfjord, Coop Batnfjord og Nikoiline.

Boka er på vel 200 sider og kostar kr 200. Dette kan vere ei fin julegåve til familie, kjente og kjære. Det er stoff frå heile Nordmøre, og vårt område er godt representert. Her er tekstar om krigminne, naturkatastrofar, industri, musikarar og kunstnarar; prosatekstar og dikt.

Frå vårt nærområde kan nemnast: A/S Rødsand Gruber – historisk samandrag, Spionasje på Skei (historie om Norvald Nilssen), Lensmennene i Nilssenætta, Suksess med cello (om cellisten Marit Aspås frå Angvik), Domkantor med klare meiningar (om domkantor i Nidaros Magne Harry Drågen frå Øre), Diktator i Hustadvika (portrettintervju med Odd Arne Halaas frå Eide), Berget og steinen (dikt), Kjærleiksnatt (dikt) og Naglespprett og morskjærleik (barndomsminne).

Gjemnes Mållag


 Daniel Kvalvik- Daniel Kvalvik, 14.12.18




Tags:

Ingen kommentarer


Legg til kommentar

BILDER FRA INSTAGRAM MED #TORVIKBUKT