header
header
header
header2
header1


14
jun
2014

Sandvolleyballturnering i Torvikbukt 21.juni

Publisert 14.06.14 av Daniel Kvalvik vist 5394 ganger

0 pluss pluss minus




Velkommen til sandvolleyballturnering på Høgtun folkehøgskole!
Lørdag 21.juni er det duka for nok ein utgave av "SAHARA" i Torvikbukt. Vi startar som vanleg frå morgonen med informasjon og registrering før vi spelar sandvolleyball heile dagen – truleg i strålande sol og god varme :)

Program:
0900: Betaling , registrering, info om regler etc.
0930:Kampstart
1340 – 1500: Middagspause m/dessert
1500: Start sluttspel
ca.1730: Damefinale
1800: Herrefinale
1845: Premiering

Klassar:
1.Herrer
2.Damer
Aldersgrense: Spelarane må fylle 16 år i løpet av 2014

Vi tar i mot max 16 herrelag og max 12 damelag.
Sannsynleg spelelengde i innleiande kampar er best av3 sett til 12 poeng. I sluttspelet kan det bli lengre kampar om tida tillet det.

Pris: 200,- per spelar. Middag er inkl i prisen.

"Treningsleir"
Elevar som har gått på Høgtun har mulighet til å kome frå torsdag 19.juni og ha "sjølvdreven" treningsleir. Tilbud om å bo på to-mannsrom på Gamlebygget. Ein ordnar seg sjølv med mat desse dagane. Pris: 100,-/natt. Husk sovepose/sengetøy.

MIX-lag turnering!
Om det er interesse for det vil vi prøve å arrangere ei mix-lag turnering søndag 22.juni. Vi ønsker tilbakemelding på denne idèen. Vi kan evt. Ta imot påmelding t.o.m. Lørdag 21.juni på SAHARA og avgjere då om vi klarer å dra det i gang.

Påmelding alle lag: bjartegroteide@gmail.com evt. Sms til 41 10 38 41

Velkommen!


 Daniel Kvalvik- Daniel Kvalvik, 14.06.14




Tags:  Sahara Sandvolleyball

Ingen kommentarer


Legg til kommentar

BILDER FRA INSTAGRAM MED #TORVIKBUKT


DET SISTE FRA FACEBOOK